Kundar utan nettsider og e-post den 4. sept 2019


På grunn av feil i ein viktig del av tredjeparts programvare i CloudLinux som igjen førte til svikt i nettverks-kommunikasjonen, var mange av våre kundar utan fungerande e-post og nettsider onsdag 4. september.


CloudLinux er ein del av operativsystemet Linux som vi bruker på alle servere. Linux er særs stabilt driftsmessig og foretrukke for denne type tenester.

Linux og CloudLinux vert stadig oppdatert og slike oppdateringar vert automatisk installert på serverene. Automatisk oppdatering er standard og anbefalt. Oppdateringane inneheld korreksjonar, nye funksjonar og forbetringar. Denne gongen inneheldt oppdateringa frå CloudLinux også ei alvorleg feil. Etter at oppdateringa vart automatisk køyrt utpå natta til 4. september slutta all nettverkskommunikasjon å fungere på serveren. CloudLinux er veldig leie for dette og her er deira informasjon: CloudLinux blogg

Det var i realiteten ingenting IT Drift kunne gjere for å forutseie eller hindre denne feila i å oppstå. Vi rekner med at CloudLinux skjerpar rutinane sine for kompabilitet mellom programmodular slik at noko liknande ikkje skjer att på veldig lang tid.

Det tok noko tid før vi klarte å identifisere eksakt kva som var feil. Feilen vart retta utpå dagen.

Kundar med Firmasider publiseringsystem for nettsidene vart ikkje råka ettersom Firmasider bruker Linux utan CloudLinux. Feilen råka kundar som bruker cPanel som administrasjons-system for web og e-post. cPanel bygger på operativsystemet Linux der CloudLinux er ein integrert del. CloudLinux regulerer ressursbruken for dei ulike brukarkontoane. Utan CloudLinux kan eit åtak på eller feil på ei nettside føre til problem for dei andre nettsidene på den samme serveren.


 
Copyright © 2019 IT DRIFT AS