Faktura på internett, utan fakturagebyr


Tidlegare har kundane våre fått fakturaen i brev, skriven ut på ein giroblankett. No finn ein fakturaen på nettet. Varsel om nye fakturaer vert sendt på e-post eller SMS. Det er også mogeleg å betale fakturaene med kort på nettet.

Du kan framleis få papir-faktura frå oss dersom du ber om det (kontakt oss), men du vil sleppe fakturagebyr dersom du i staden laster ned fakturaen frå nettet.

På denne nettstaden finn du kundesida di med alle fakturaene og abonnementa dine:
nettbetaling.com

Papirlaust

- Faktureringa er no ei papirfri og ressursvenleg teneste. Du finn alle fakturaene og abonnementa dine på nettbetaling.com. Alle data ligg på vår eigen server i Ulvik.

Gebyrfri faktura

- Vi krev ingen gebyr for å hente fakturaen på nettet. Legg du inn automatisk trekk, og passer på at kortet ditt er gyldig, vil du alltid betale i rett tid. Du vil dermed sleppe eventuelle purregebyr og morarenter.

Varsel på e-post eller SMS

- I staden for brev i posten får du ein e-post med lenke til fakturaen. Det er viktig at du logger deg inn på nettbetaling.com og stadfester e-postadressa di, og at du les eposten som blir sendt dit. Varsel om for sein betaling vert sendt på SMS til mobilen din når du har oppgitt mobilnummeret.

Automatisk kortbetaling

- Har du faste abonnement, kan du legge inn automatisk trekk frå kortet ditt. Dermed slepp du passe på å betale, og du får automatisk kvitteringa på e-post. Du kan betale med:
  ? Visa
  ? Mastercard
  ? PayPal

Månadleg betaling

- På nettbetaling.com kan du endre frå kvartalsvis betalingsperiode til månadleg, halvårleg eller årleg.

Fakturagebyr for papir-faktura

- Kontakt oss dersom du ønsker å få papir-giroen i posten som før, med samme fakturaperiodar som før. Henter du i staden fakturaen på nettet, sparer du fakturagebyret på kr 72 + mva som kjem på papir-fakturaen. Dersom du ikkje ber om å få fakturaene på papir, reknar vi med at du laster ned fakturaene frå nettet.

 

Copyright © 2013 IT DRIFT AS