Internett til abonnentar i Ulvik

Bestill internett breiband

Vi tilbyr Internett i Ulvik

- IT Drift har levert internett til hus-standar og verksemder i Ulvik sidan 1998. Dess fleire kundar vi har, dess meir midlar har vi til å investere i endå breiare breiband - så ei støtte til din lokale leverandør bidreg til betre internett. Støtter du andre leverandørar som ikkje prioriterer Ulvik, seinkar du altså utbygginga av internett i bygda.

Internett for private husstandar

Månadsabonnement:
- Internett Privat, kr 320,- / mnd
- Internett Fritidsbustad, kr 250,- / mnd


Installasjon:
- Installasjon av mottaker, kabling, ruter, oppsett av epost samt trådlaus ruter: kr 990,-

Ingen skjulte kostnader.
Prisane er inklusiv mva.
Fakturaene kan du etale med kort på nett om du vil, betale i nettbanken, eller få tilsendt giroblankett.
Last ned kundekontrakten her.


Farten på nettet

Privatabonnentar får inntil 15 Mbps surfefart ned,  og 1 Mbps opp. Det vil seie at ein har 15 Mbps dersom ein bruker nettet berre til surfing, altså lese aviser, epost og liknande. Laster ein ned store filer, ser på video eller nett-TV, vert bandbreidda automatisk justert ned til 4 Mbps. Rett etter at ein slutter å laste store filer, TV eller video, aukar bandbreidda til 15 Mbps att.

HD-TV over internett
Kundar som bruker nett-TV og ser video på nettet tilbys ei tilleggspakke. Gjennom den får ein parallell bandbreidde nok til å sjå nett-TV i HD-kvalitet utan at ein påverkar den "vanlege" nettbruken med 15 Mbps kapasitet.

Hugs at farten ein opplever vert mellom anna påverka av programvaren på PCen og talet på einingar (PC, mobil, nettbrett, m.m.) i husstanden.

Internett for verksemder

Verksemder kan få fastlinje med lik fart på opp- og nedlasting, tilsvarande nett over fiber. Prisliste for nye abonnement:
- Internett 1.5 Mbps, kr 790,- / mnd
- Internett 2.5 Mbps, kr 990,- / mnd
- Internett 5 Mbps, kr 1490,- / mnd
- Internett 15 Mbps, kr 1990,- / mnd
- Internett 20 Mbps, kr 2290,- / mnd
- Internett 40 Mbps, kr 2690,- / mnd
- Større fart? Ta kontakt.

Alternativ:
Ulik fart ned-/opplasting (som ADSL):
- Internett 4000/600, kr 495,- / mnd
Prisane for verksemder er eksklusiv mva.
Installasjon på staden kjem i tillegg.
Ta kontakt for å bestille.

Kva må du gjere for å få internett?

» Bruk bestillingsskjemaet under, eller kontakt oss på anna vis.
» Kontrakt må fyllast ut og signerast før du kan få Internett. Du får den hjå oss.
» Skal du seie opp abonnement hjå ein annan leverandør? Last ned eit enkelt oppseiings-skjema for Telenor og BKK.

Internett i Ulvik - historikk og framtida

Les om historikk og framtid..>>

Innstillingar

Her finn du innstillingane som høver på det nye nettet:


 










Spørsmål og svar
















Copyright © 2013 IT DRIFT AS