No kjem fiberen med høghastigheitsnett!

 Vi sameiner krefter og kompetanse i Hardanger og slår saman nettet i Ulvik med nettet til Okapi (Eidfjord, Granvin, m.m.). I den samanheng byggjer vi fibernett i Ulvik. Her tilbyr vi også TV-kanalar frå Canal Digital.
 Som breibandskunde i IT Drift vert du frå no av breibandskunde i Okapi, med samme kontrakt og vilkår som før. I tillegg til internett over trådlause linkar tilbyr vi no også fibernett. Frå oss får du breiast breiband over fiber til minst pris. Stadane i Ulvik der vi får flest bestillingar på fiber vert prioritert først med omsyn til utrullingsplan. Det trådlause nettet vil fortsetje å levere breiband til dei som ikkje vel fiber, eller bur slik til at det tek ei tid før fiberen kjem. Prisen på vanleg breiband vert den same som før, og vi planlegg å auke farten til kvar abonnent no i sommar. IT Drift vil fortsetje med å levere innhald på nett, som domene, nettsider, e-post med meir.
Informasjonsmøte i Ulvik Tid: Sundag 21. mai klokka 18 og måndag 22. mai klokka 18 Stad: Elvatun (ungdomshuset) Vel møtt til informasjon med kaffi og litt å bite i! På møtene kan du bestille fibernett. Bestilling mottas også på http://okapi.no/ eller ved å ta kontakt på post@okapi.no eller telefon 53 66 53 00 i kontortida.
Har du e-post tilknytt @ulvik.org? Du får ny konto!

 Vi oppgraderer e-posttjenesta, og avvikler ein gamal server. Kundar som bruker e-postadresser tilknytt @ulvik.org får instruksar på epost til deira ulvik.org-adresse.
 Vi oppgraderer vår e-postserver. Den 10. juni 2017 legg vi om til ny server, og dei som ikke har oppdatert kontoinformasjonen innan den tid vil miste eposten sin.
 Det viktigaste:
 - Vi avvikler vår e-postserver med navn "mail.ulvik.org" 10. juni. Legg til ny konto i god tid før dette. - Du får tilsendt ny kontoinformasjon på epost. - Ta backup av e-post som du ønsker å ta vare på. Kvar brukar må sjølv ta ansvaret for å ha backup av sine data. Det finst mange program og tenester ute på nettet som kan hjelpe deg med dette.
Har du spørsmål eller treng hjelp, kontakt oss. Har du eige domene tilknytt e-posten? Vi oppgraderer!

 Vi
oppgraderer e-posttjenesta. Vår nye e-postteneste for verksemder er tilpassa mobil og har betre antispam, sikkerheit m.m.

Her kan du lese om prisar og tilgjengelege kontotypar >>
Her finn du hjelp til å legge inn nye e-postkontoar >> Lyst på ny adresse ditt.navn@iUlvik.no? Bestill no!

 I vår nye e-postteneste tilbyr vi epost knytt til fleire lokale domener. Det er meir stas å ha noko lokalt og spesielt enn gmail, hotmail - ikkje sant?
Her er nokon av domenene vi kan tilby e-postadresser til: iHardanger.no iUlvik.no iGranvin.no iKvam.no ...samt mange fleire. 
Ta kontakt for bestilling >> Her finn du hjelp til å legge inn nye e-postkontoar >> |